Ranvikøya er ei klipperik øy og den største øya i den sørlege delen av Rauer. Ho ligg i nordenden av Ranvik, kring 3 nautiske mil (6 km) nordvest for Browns Glacier. Ho vart kartlagd av norske kartografar, som trudde ho var landfast, frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37). Dei gav staden namnet «Ranviktangen», etter vika like ved. Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) godtok tilrådinga til John H. Roscoe frå 1952 om å endre det norske namnet til Ranvik Island. Då Roscoe undersøkte området frå flyfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump (1946–47) oppdaga han at det var snakk om ei øy.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kategori:Øyar i Princess Elizabeth Land