«All In Your Head» er ein song av Lys Assia og New Jack.

Die grosse Entscheidungsshow 2013 I 2012 vart songen vald ut til å delta i ei internettrøysting der ein kunne røyste han vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen gjekk ikkje vidare til finalen og fekk heller ikkje representere Sveits i Eurovision Song Contest 2013.

Assia har tidlegare vunne Eurovision Song Contest 1956 og delteke i Eurovision Song Contest 1957 og 1958 for Sveits. Ho har òg delteke i den nasjonale finalen til Vest-Tyskland i 1956 og den nasjonale finalen til Sveits i 2012.

Kjelder

Kategori:Songar frå 2012 Kategori:Sveitsiske songar Kategori:Lys Assia-songar Kategori:Songar skrivne av Ralph Siegel