Corse-du-Sud er eit departement på den sørlege halvdelen av Korsika i Frankrike.

Historie Departementet vart oppretta 15. september 1975, då departementet Korsika vart delt inn i Haute-Corse og Corse-du-Sud. Grensene samsvarar med det tidlegare departementet Liamone, som eksisterte frå 1793 til 1811.

mini|venstre|120px|Kart over Korsika

Geografi Departementet er omringa på tre sider av Middelhavet og i nord grensar det til departementet Haute-Corse.

Heile øya Korsika er kledd med fjell.

Kultur Koriskanarar er eit svært sjølvstendig folk. Ein folkeavstemming i 2003 der ein kunne stemme for auka sjølvstende vart derimot stemd ned med svært lite margin, 50,98 % mot 49,02 %. Dete var eit stort tilbakeskritt for den dåverande franske innanriksministeren Nicolas Sarkozy, som hadde håpa og bruke Korsika som eit første steg for desentraliseringspolitikken sin.

Turisme Sør-Korsika har eit varmt klima, som andre middelhavsøyar, og trekk derfor til seg mange turistar. Praktstykket er byen Bonifacio, som delvis er bygd på ei høg klippe. Dei indre fjellområda er òg svært vakre, særleg Aiguilles de Bavella, eit bert og nålliknande berg.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside Korsika universitet

Kategori:Franske departement