Nydomen er den større og sørlege øya av to isdekte øyar mellom Jelbart- og Fimbulisen, ved kysten av Dronning Maud Land. Toppen av øya stig kring 250 meter over den kringliggande isbremmen. Øya vart delvis skissert av den norske antarktisekspedisjonen, 1956-60. Ho vart kartlagd av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1961 og namngjeven «Kupol Novyy». Norsk Polarinstitutt har ikkje godkjend noko namn for øya.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kategori:Øyar i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst