Maudheimekspedisjonen (òg kalla Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjon, forkorta NBSX eller NBSAE) var namnet på ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Antarktis under leiing av John Giæver i perioden 1949-1952. Ekspedisjonen vart finansiert og organisert av ein komité av britiske, svenske og norske ekspertar, med professor Harald Ulrik Sverdrup som formann og var den første verkelege internasjonale vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis.Norsk Polarinstitutts side om Maudheim-ekspedisjonen til Antarktis 1949-1952 Store delar av det vestlege Dronning Maud Land vart kartlagt og ekspedisjonen vart ein modell for seinare ekspedisjonar til Antarktis.
Namnet på ekspedisjonen kjem frå overvintringsstasjonen Maudheim (71°03'S, 10°55'V) som vart oppretta i samband med ekspedisjonen. Fleire depot og hytter for overnatting og oppbevaring av utstyr vart reist. Frå desse basane vart det gjort utalde turar, den lengste varte i åtti dagar. Tre av ekspedisjonsmedlemmene omkom 24. februar 1951 då dei under ein testtur med ein overhalt Weasel vart overraska av tåke. Køyretøyet hamna i vatnet då dei for seint oppdaga at over hundre meter av isbremmen hadde kalva. Berre fotografen Stig Hallgren overlevde ulukka, då han etter 13 timar drivande på eit isflak vart redda av kollegaene sine.Giæver: Maudheim. To år i Antarktis
Alle ekspedisjonsmedlemmane mottok Maudheimmedaljen.
Ekspedisjonsmedlemmane
Namn Funksjon Nasjonalitet MerknaderJohn Giæver Ekspedisjonsleiar frå Norsk Polarinstitutt Valter Schytt Glasiolog og nestkommanderande Gordon de Quetteville Robin Fysikar Nils Jørgen Schumacher Meteorolog Ernest Frederick Roots Geolog Ove Wilson Lege Gösta H. Liljequist Meteorolog Nils Roer Topograf Alan Reece Geologisk assistent Charles Swithinbank Glasiologisk assistent Egil Rogstad Radiosjef Bertil Ekström Mekanikar Omkom 24. februar 1951Peter Melleby Mekanikar og hundekøyrar Leslie Quar Radiomann Omkom 24. februar 1951John Snarby Stuert Avreiste januar 1951John Jelbart Fysikar Kom januar 1951. Omkom 24. februar 1951Stig Hallgren Fotograf Kom januar 1951Bjarne Lorentzen Stuert Kom januar 1951
Sjå òg
Antarktisekspedisjonar Quarisen Jelbartisen Ekströmisen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maudheimekspedisjonen» frå , den 28. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Litteratur
Bakgrunnsstoff Kart over Maudheim
Kategori:Dronning Maud Land Kategori:Antarktiske ekspedisjonar Kategori:1949 i Noreg Kategori:1949 i Sverige Kategori:1949 i Storbritannia Kategori:Storbritannia og Antarktis Kategori:Sverige og Antarktis Kategori:Noreg og Antarktis Kategori:1949 i Antarktis Kategori:1950 i Antarktis Kategori:1951 i Antarktis Kategori:1952 i Antarktis Kategori:Norske ekspedisjonar Kategori:Norsk polarhistorie Kategori:Svenske ekspedisjonar Kategori:Britiske ekspedisjonar