Departement er i Noreg ei nemning på det nivået i statsadministrasjonen som er lagt direkte inn under ein statsråd eller ein minister. Eit departement kan dekkja eitt eller fleire ulike fagområde. I andre land er regjeringsdepartementa ofte kalla ministerium. Alle departement har ein politisk leiar i regjeringa, ein statsråd eller minister, som har knytt til seg ein eller fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar. Departementsråden er departementet sin øvste administrative leiar og er ikkje politisk vald. Under seg kan departementsråden ha til dømes ekspedisjonssjefar, avdelingsdirektørar, underdirektørar og byråsjefar. Eit departement har som si viktigaste oppgåve å gjera førebuande arbeid for regjeringa, iverksetting av vedtak, klage- og kontrollfunksjonar. Departementa har sjølvstendig avgjerdsmynde på ein del område. Eit departement kan ha lagt under seg ymse direktorat og andre statsetatar.
Norske departement Særleg ved regjeringsskifte hender det at organiseringa av departement vert endra på. Departementsinndelinga etter stortingsvalet i 2005 er som nedanfor.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet Barne- og likestillingsdepartementet Finansdepartementet Fiskeri- og kystdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Forsvarsdepartementet Helse- og omsorgsdepartementet Justis- og politidepartementet Kommunal- og regionaldepartementet Kultur- og kyrkjedepartementet Kunnskapsdepartementet Landbruks- og matdepartementet Miljøverndepartementet Nærings- og handelsdepartementet Olje- og energidepartementet Samferdsledepartementet Utanriksdepartementet
Statsministerens kontor
Nokre tidlegare departement Namn Frå Til Arbeids- og sosialdepartementet ASD 2004 2005 Administrasjonsdepartementet AD 1993 1996 Arbeidsdepartementet ABD 1885 1946 Arbeids- og administrasjonsdepartementet AAD 1998 2004 Barne- og familiedepartementet BFD 1991 2005 Departementet for familie og forbrukarsaker DFF 1956 1972 Departementet for utviklingshjelp DUH 1984 1989 Familie- og forbrukardepartementet FFD 1990 1990 Fiskeridepartementet 1946 2004 Forbruker- og administrasjonsdepartementet FAD 1972 1989 Forsyningsdepartementet 1939 1942 Forsynings- og gjenreisingsdepartementet FSD 1942 1950 Handels-, sjøfarts- og industridepartementet HD 1916 1947 Handelsdepartementet / Handels- og skipsfartsdepartementet HD 1947 1987 Helsedepartementet HD 2002 2004 Indredepartementet 1846 1903 Industridepartementet IND 1947 1987 Kyrkje- og kulturdepartementet KKD 1990 1990 Kyrkje- og undervisingsdepartementet KUD 1814 1989 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet KUF 1991 2001 Kommunal- og arbeidsdepartementet KAD 1948 1989 Kommunal- og arbeidsdepartementet KAD 1993 1997 Kommunaldepartementet KOM 1990 1992 Kultur- og vitskapsdepartementet KVD 1982 1989 Kulturdepartementet KD 1991 2001 Landbruksdepartementet 1900 2004 Løns- og prisdepartementet LPD 1955 1972 Moderniseringsdepartementet MOD 2004 2006 Nærings- og energidepartementet NOE 1993 1996 Næringsdepartementet ND 1988 1992 Olje- og energidepartementet OED 1978 1992Gjenopprettet i 1997 Planleggings- og samordningsdepartementet PSD 1997 1997 Skipsfartsdepartementet SKD 1942 1945 Social- og industridepartementet Sosialdepartementet SOS 1913 1993 Sosialdepartementet SOS 2002 2004 Sosial- og helsedepartementet SHD 1993 2001 Utdannings- og forskningsdepartementet UFD 1990 1990 Utdannings- og forskningsdepartementet UFD 2002 2006
Bakgrunnsstoff
Oversikt over norske departement hos Regjeringen.no, vitja 9. november 2009 Nedlagde norske departement 1945-dd hos Regjeringen.no, vitja 9. november 2009 Regjeringskontorene 1814- Riksarkivet Hierarkisk oversyn over departement 1947-2005
Denne artikkelen bygger på «Norske departement» frå , den 8. mars 2009.