Die grosse Entscheidungsshow var den tredje gongen Die grosse Entscheidungsshow vart arrangert. Tevlinga vert nytta som den nasjonale uttakinga til Sveits i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Finalen fann stad 15. desember 2012.
Utveljingsprosessen 27. august 2012 annonserte Schweizer Fernsehen (SF) at ni bidrag kom til å framførast i Bodensee-Arena i Kreuzlingen, fem mindre enn året før.
Fire bidrag ville kome frå ein Internettrøysting av den tyskspråklege kringkastaren SF, tre frå den fransksråklege kringkastaren Radio télévision suisse (RTS) og to frå den italienskspråklege kringkastaren Radiotelevisione svizzera di lingua italiana (RSI).
SF SF ville velje ut fire finalistar. Kandidatane kunne sende inn bidrag til kringkastaren mellom 1. september og 8. oktober 2012. Den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia, sende inn eit bidrag til SF for andre året på rad. Andre kandidatar er mellom anna Mariella Farré, som har representert Sveits i Eurovision Song Contest to gonger, og Magdalena Tul, som representerte Polen i Eurovision Song Contest 2011, samt den nederlandske gruppa LA The Voices med Gordon Heuckeroth, nederlandsk deltakar i Eurovision Song Contest i gruppa De Toppers, vinnaren av Deutschland such den Superstar, Leo Ritzmann, vinnaren av Die grössten Schweizer Talente, Maya Wirz, og finalisten frå den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, Melissa. Ei 50/50 blanding av Internettrøysting og ein ekspertjury vart nytta til å velje finalistane.
RSI RSI valde ut to finalistar. Artistar kunne sende inn bidrag mellom 1. og 30. september 2012. Ein intern utveljingskomité valde ut seks bidrag. I tillegg var vinnaren av Fattore voce 2012, Sohaila El Shater, direktekvalifisert til utveljinga. Lista over bidrag vart annonsert 9. oktober 2012. utveljinga vart send på radiokanalen RSI Rete Tre frå Lugano Living Room 23. oktober 2012. Telefonrøystingvinnaren og favoritten mellom juryen, som høvesvis var Chiara Dubey og Ally, gjekk vidare til finalen.
# Artist Song 1 N2L «Smoke Out» 2 Vanda Palma «La farfalla va» 3 Theo «My Wonderful Life» 4 Sohaila «But Who» 5 Marilise «Nobody» 6 Chiara Dubey «Bella sera» 7 Ally «Catch Me»
RTS RTS vil velje ut tre finalistar. Ein utveljingskomité vil velje ut bidraga.
Finalen Finalen fann stad 15. desember 2012 i Bodensee-Arena i Kreuzlingen. Programleiaren var Sven Epiney. Vinnaren vart røysta fram av fjernsynssjåarane.
# Artist Song Røystar Resultat Kanal - Chiara Dubey «Bella sera» RSI - Ally «Catch Me» RSI - TBD TBD SF - TBD TBD SF - TBD TBD SF - TBD TBD SF - TBD TBD RTS - TBD TBD RTS - TBD TBD RTS
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Switzerland in the Eurovision Song Contest 2013» frå , den 1. november 2012.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-uttakingar Kategori:Musikktevlingar i 2012 Kategori:2012 i Sveits Kategori:Sveitsiske Eurovision Song Contest-uttakingar