Inger Lise Belsvik () er ein norsk grafikar, teiknar og illustratør.

Inger Lise Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger 1982-1985, illustrasjon frå Kingston University i England 1990-1991 og som hospitant ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1991-1992. Ho har og vore student ved Norsk barnebokinstitutt si forfattarutdanning 2006-2007. Ho debuterte som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring! i 2010.

Inger Lise Belsvik har spesielt illustrert barnebøker, både biletbøker, diktsamlingar, musikktrykk og kristen litteratur. Fleire av titlane er gjevne ut av nynorskforlaget Samlaget. Mange av bokillustrasjonane er gjort som linoleumssnitt med ekspressive og naivistiske motiv i samstemte fargar. Ho bur og arbeider i Oslo.

Illustrasjonar i barnebøker (utval)

1995: Natt i nytt hus 1996: Arnljot Eggen: Når fuglane frir : og andre vers om dyr 1997: Tone Kjærnli: Hundre tusen farligheter 1997: Rønnaug Kleiva: Ikkje gløym å klappe katten 1998: Lise Knudsen: Maria 1998: Solfrid Sivertsen: På ein krakk på ein stol 1999: Lise Knudsen: Maria midtimellom 2000: Eva Jensen: Alle i Alta kan 2001: Arne Garborg: Småsporven 2001: Rune Belsvik: Verdas mest forelska par 2002: Rønnaug Kleiva: Mangler der ikke en pige her? 2002: Odd Nordstoga: Song for deg og meg 2003: Lise Männikkö: Liten som en rosin 2003: Mary Bente Bringslid: Dei blå revane – barnediktsamling 2003: Det har komme ein komet – nordisk diktantologi 2004: Geirdis Bjørlo: Kort til ein engel 2004: Gry Østrått Sædberg: Jone er full av prikker 2005: Rønnaug Kleiva: Eg rømmer 2005: Rune Belsvik: Tøddel Blisterplytt 2006: Erna Osland: Den farlege reisa 2007: Halldis Moren Vesaas: Eg sette brillene på min katt 2007: Halvor Roll: Skurkestreker i rød saus 2008: Bjørn Sortland: Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn – barnebok for blinde 2008: Olav H. Hauge: Når tussalusi kviskrar 2009: Terje Borg: Hva gjør de voksne når vi ikke ser? 2009: Marit Ihle: Nesten i himmelen 2009: Mary Bente Bringslid: Stankelbeinskrift – barnediktsamling 2009: Hilde Myklebust: Jon og den lange julenatta 2010: Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss 2010: Inger Lise Belsvik: Spring, hesten, spring! 2011: Ingvild Nielsen: Borte vekk! 2012: Erna Osland: Venner med venger 2013: Nina E. Eide, Terje Borg, Camilla Næss: Møt fjellreven 2014: Erna Osland: Under ein stein, ei bok om små dyr 2014: Rune Belsvik: Verdas søtaste turist 2015: Erna Osland: Bokstavsommaren 2015: Grete Belinda Solberg Barton: Hannah, Blåmagi og den røde reven

Prisar og utmerkingar 1997: Gull i i Grafills Årets vakreste bøker 1997: Kulturdepartementets illustrasjonspris 2003: Sølv i Årets vakreste bøker 2004: Kulturdepartementets illustrasjonspris 2005: Gull i Årets vakreste bøker 2007: Bronse i Årets mediepriser 2008: Diplom i Årets vakreste bøker 2011: Diplom i klassen «Faktabøker for barn» i Årets vakreste bøker for Sov søtt, herr Spiss

Bakgrunnsstoff

Bøker med illustrasjoner av Inger Lise Belsvik Inger Lise Belsvik presentert som medlem av Kobolt design i Oslo . Vitja 2. november 2012. Samlaget.no Om Inger Lise Belsvik. Vitja 2. november 2012.

Digitale bokkopiar i Nasjonalbiblioteket Natt i nytt hus : nye dikt for deg og andre barn - illustrert av Inger Lise Belsvik (1995) Dagny Holm: Min egen kirkebok - illustrert av Inger Lise Belsvik (1996) Rønnaug Kleiva: Ikkje gløym å klappe katten – illustrert av Inger Lise Belsvik (1997)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inger Lise Belsvik» frå , den 10. november 2012.

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske grafikarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Folk frå Sandnes