Nathaniel Brown Palmer () var ein amerikansk selfangar, oppdagar og kaptein.

Under ein selfangstekspedisjon til Sør-Shetlandsøyane i 1820 vart han truleg den første til å nytte den naturlege hamna på Deceptionøya med seglskuta «Hero». Den 16. november 1820 fekk han frå ein utkikkspost på øya syne på Trinity Island og mogelegeins Antarktishalvøya i søraust. Neste dag kryssa han Bransfieldsundet for å rekognosere, men på grunn av pakkis var han hindra frå å nå land.

Året etter, den 6. desember 1821, oppdaga han Sør-Orknøyane i lag med George Powell medan dei var på jakt etter sel.

Den inste halvdelen av den antarktiske halvøya har fått namnet Palmer Land etter Nathaniel Palmer.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nathaniel Palmer» frå , den 3. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske oppdagarar Kategori:Folk frå New London County Kategori:USA-amerikanske polfararar Kategori:Oppdagarar i Sørishavet Kategori:Oppdagarar på 1800-talet Kategori:Selfangarar Kategori:Sør-Orknøyane