Tycho Christoffer Jæger () var ein norsk landskapsmålar.
Jæger fekk teikneopplæring i heimbyen før han reiste til København i 1840-åra. Kring 1850 vende han heim til Noreg og var sidan busett dels i Bergen dels i Feios i Sogn. Det eldste kjende arbeidet etter Jæger er datert 1841. Han gjorde fleire reiser innanlands mellom anna til Finnmark. Dei nordnorske motiva utgjer ein viktig del av produksjonen. Elles utgjer byinteriør frå Bergen og landskapet i Sogn og elles på Vestlandet dei viktigaste motiva. Jæger er representert på Nasjonalgalleriet med Urnes kirke og i Bergen Billedgalleri med Storm på Bergen våg.
Jæger vart gift i 1870 med Birgithe Amalia Steendahl (1850-1932).
Bakgrunnsstoff Anders Gjerde: «Landskapsmålar Tycho Christoffer Jæger» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Måleri av Tycho Christoffer Jæger ved nasjonalmuseet.no
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske biletkunstnarar Kategori:Landskapsmålarar Kategori:Målarar frå 1800-talet