Cherokesisk er eit irokesisk språk som blir snakka av cherokee-stammen i USA. Språket blir snakka i delstaten Oklahoma og i cherokee-reservatet i Great Smoky Mountains i Nord-Carolina. Cherokesisk er det einaste levande sørirokesiske språket, og det vert i følgje Ethnologue talt av mellom 15 000 og 22 500 personar, av dei er 130 einspråklege.

Cherokesisk har eit komplisert tonesystem, som varierer frå dialekt til dialekt. Sjølv om det tonale systemet i mange område gjennomgår ei gradvis forenkling, er det i andre område svært robust, noko som ser ut til å gje opphav til fenomenet tone-sandhi.

Cherokesisk har eit eige alfabet, ei stavingsskrift, som vart laga av sølvsmeden Sequoyah. Alfabetet har 85 teikn som står for kvar si staving (ikkje lydar). Eit døme frå alfabetet er ᏣᎳᎩ tsa-la-gi, som er cherokee på cherokesisk.

Fonologi

Cherokesisk har dette konsonantsystemet:

+ Konsonantar i Nord-Carolina-dialekten av cherokesisk Labial Alveolar Palatal Velar Glottal Plosiv Affrikat Frikativ Nasal Approksimant (y) (w)

Fremre Midtre Bakre Lukka     Midtre       Open  

Tone

Cherokesisk er eit tonelagsspråk med seks tonar, to nivåtonar (høg, låg) og fire konturtonar (stigande, fallande, høg fallande, låg fallande).

Morfologi

Cherokesiske er eit polysyntetisk språk. Verbformer har strukturen personprefiks - rot - aspektsuffiks - modalsuffiks.

Syntaks

Cherokesisk er eit SOV-språk. Nominalfraser har strukturen determinativ - adjektiv - substantiv - relativsetning.

Referansar

Bakgrunnsstoff Cherokee - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).

Kategori:Irokesiske språk Kategori:Språk i USA Kategori:Tonespråk Kategori:Einskildspråk