Mesoplodon traversii er ein spissnebbkval først oppdaga i 1872.

Den blir i dag rekna som verdas mest sjeldsynte kvalart. Ein veit svært lite om arten.Verdens Gang - Det første bildet: Verdens mest sjeldne hval Arten har ikkje noko offisielt norsk namn.

Det første funnet av arten var eit kranium i 1872 på New Zealand.

Nok eit kranium vart funne på 1950-talet på White Island òg på New Zealand. Det var først ikkje skildra, men vart seinare rekna med å komme frå ein ginkgo-toothed beaked whale (Mesoplodon ginkgodens)).

I 1986 vart eit øydelagt kadaver funne skylt opp på ei stand på Robinson Crusoe Island utanfor Chile. Kadaveret vart handsama som ein ny art, Mesoplodon bahamondi eller Bahamondespisskval.Reyes, J.C.; van Waerebeek, K; Cárdenas J.C. & Yáñez, J.L. (1995): Mesoplodon bahamondi sp.n. (Cetacea, Ziphiidae), a new living beaked whale from the Juan Fernández Archipelago, Chile. Boletin del Museo Nacional de Historia Natural, Chile 45: 31–44. Sidan dette var ei feilaktig skildring av ein alt eksisterande art er dette namnet ikkje lenger i bruk.

I 2010 stranda det eit mor med unge på New Zealand. I 2012 vart det påvist gjennom DNA-analyse at dei tilhøyrde arten Mesoplodon traversii. Dette var den første virkaplege observasjon av heile dyr. Til no har ein ikkje observert levande dyr.

Økologi og status Denne arten har aldri blitt sett i live, slik at ein kjenner ikkje til korleis den lever. Ein reknar med at den er lik andre mellomstore artar i Mesoplodon, som typisk lever på djupt vatn. Den vil i så tilfelle leve aleine eller i små grupper og leve på blekksprut og små fisk. Ungen blir truleg uavhengig av mora ved eittårsalderen som er det vanlege for dei fleste kvalar.

Kor mange som finst av denne er arten er heilt ukjent, men den er truleg ikkje så mangetallig.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Whale & Dolphin Conservation Society (WDCS) Official webpage of the Memorandum of Understanding for the Conservation of Cetaceans and Their Habitats in the Pacific Islands Region World’s rarest whale seen for first time: Spade-toothed whale

Kategori:Tannkvalar