Bailey Rocks er ei lita rekkje skjer i Windmill Islands i Antarktis som strekkjer seg nordaust frå nordsida av Bailey Peninsula og ut i Newcomb Bay. Dei vart først kartlagde frå flyfoto tekne av US Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og observert i 1957 av personell på Wilkes Station under C. R. Eklund. Eklund kalla dei opp etter Carl T. Bailey i US Navy, som deltok under ekspedisjonen som overvintra på Wiles Station i 1957 under Det internasjonale geofysiske året (IGY).
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR Kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bailey Rocks» frå , den 15. november 2012.
Kategori:Windmill Islands Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar