Mackintosh Cove er ei vik like søraust for Fraser Point langs nordkysten av Laurie Island i Sør-Orknøyane. Ho vart kartlagd i 1903 av Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen under Bruce. Ho er kalla opp etter Neil A. Mackintosh, som då var medlem av den zoologiske avdelinga i Discovery Committee på Discovery Investigations under kartlegginga deira av Sør-Orknøyane i 1933.
Kategori:Viker i Sør-Orknøyane