Erna Osland () er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar.
Osland er frå Høyanger i Sogn og busett på Byrknesøy i Gulen. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har undervist i ungdomsskole og vidaregåande. I 1987 debuterte ho med ungdomsromanen Natteramnen.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Prisar og utmerkingar
1990: Norsk vinnar i den nordiske barnebokkonkurransen (romanklassen) for Kryssord. 1991: Damm-prisen for Reisa til Maria. 1992: Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for Kryssord og Reisa til Maria. 1994: Diplom Pier Paolo Vergerio (europeisk barnebokpris) for for Reisa til Maria. 1995: Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren. 1996: Kulturdepartementets teikneseriepris for Ivar Aasen - ei historie om kjærleik. 1996: Sigmund Skard-stipendet 1997: Sunnmørsprisen for Det sjette grepet. 1999: Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Salamanderryttaren. 1999: Kritikarprisen for Salamanderryttaren. 2004: Festspeldiktar ved Festspela i Bergen. 2005: Kulturdepartementes pris for barne- og ungdomslitteratur for Skarpe tenner (Årets fagbok). 2006: Ordknappen for Du er vel vakker 2007: Festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela. 2015: Rasmus Løland-stipendet
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Erna Osland i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Erna Osland hjå Norske Dramatikeres Forbund Utgjevingar av Erna Osland i Oria.no
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1987 Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Forfattarar frå Høyanger Kategori:Folk frå Høyanger Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Forfattarar frå Gulen