Amundsen Bay, òg kjend som Ice Bay, er ei 26,5 km brei bukt like vest for Tula Mountains i Enderby Land i Antarktis. Bukta vart sett som ei isfylt senking i kystlinja av sir Douglas Mawson den 14. januar 1930. Ho vart observert igjen av kaptein Hjalmar Riiser-Larsen, som leia ein norsk ekspedisjon under ein flytur den 15. januar, og kartlagd nærare den rette posisjonen av nordmennene. Bukta vart kartlagd i detalj under Australian National Antarctic Research Expeditions i 1956 og igjen frå «Thala Dan» i februar 1958. Ho vart namngjeven av Mawson etter Roald Amundsen, som var første mann til Sørpolen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amundsen Bay» frå , den 24. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bukter i Enderby Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn Kategori:Oppkallingar etter Roald Amundsen