Eilert Manngaard Dahl () var ein norsk kombinertrennar og langrennsløpar, fødd i Oslo, død på Hønefoss. Han vann i 1950 bronsemedalje med det norske stafettlaget i langrenn under VM i Lake Placid. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg to sølvmedaljar i kombinertøvinga. Dahl var medlem av Fossekallen Idrettsforening.
Karriere Dahl deltok under vinter-OL for Noreg i 1948 i St. Moritz og fekk sjetteplass i kombinert og 27. plass på 18 km. To år seinare gjekk Dahl andreetappen på det norske laget som tok bronsen i 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid. Dei andre på laget var Martin Stokken, Kristian Bjørn og Henry Hermansen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1948: Nr 6 i vinter-OL i kombinert, nr 7 i Holmenkollen 1950: Nr 5 i kombinert i Holmenkollen 1952: Nr 6 på 18 km i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1946: Sølvmedalje i kombinert Ski-NM 1950: Sølvmedalje i kombinert Ski-NM 1952: Nr 6 på femmila, nr 7 i kombinert
Dahl fekk Kongepokalen i 1948 (liten pokal).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eilert Dahl» frå , den 24. november 2012.
Bakgrunnsstoff Eilert Dahl i olympedia.org
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Ringerike