Kapasitet er evna til å ta opp, lagre, produsere eller yte. Det kan òg tyde å ha stor arbeidskraft eller å vere dugande til noko.
Elektrostatisk kapasitet er ei eldre nemning for kapasitans. Batterikapasitet er mengda elektrisk ladning batteriet kan lagre. Varmekapasitet, evna ein lekam har til å ta opp varme. Hydraulisk kapasitet Kapasitet i hole lekamar, òg i metaforisk forstand Kanalkapasitet, kor mykje informasjon som kan sendast gjennom ein kanal. Transportkapasitet, kor mange personar, godsmengd eller køyrety som eit transportsystem er i stand til å transportere i eit gjeve tidsrom, t.d. passasjerer pr. time og retning. Innanfor elektro blir kapasitet oppgjeve for elektriske maskiner i farad (F). Yteevna for maskinar er effekten til maskinene, og blir målt i W, kW eller MW. Kapasiteten for elektrokjemiske akkumulatorar, t.d. bilakkumulatorer, syner til den maksimale ladinga som akkumulatorane kan lagre, og vert gjeve i coulomb (C).