Andreas Hansson () var ein norsk handelsmann, pressemann og stortingsrepresentant frå Tromøy i Aust-Agder. Han var medlem av Venstre.
Hansson var son til ein gardbrukar og snikkar på Gjerstad i Tromøy. Tretten år gammal reiste han til Vigsnes i Karmøy og var gruvearbeidar i eit års tid. Åra 1869-71 var han krambusvein same staden. Deretter var han sjømann 1872-73 og gjekk folkehøgskule 1873-74. Frå 1874 til 1877 var han på ny tilsett på krambu, medan han i perioden 1877-86 var landhandlar heime på Tromøya. 1886-88 var han redaktør av Samholds Avis i Arendal. Frå 1888 var han både utgjevar og redaktør av avisa Folketanken, som kom ut i Risør frå 1889. Han leia avisa heilt til han døydde.
Hansson var medlem av bystyret i Risør frå 1897, skulestyreformann og frå 1912 forlikskommissær, og vart ordførar i Risør i 1922. Dei to stortingsbolkane mellom 1903 og 1909 representerte Hansson Risør til Stortinget. I den første bolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre sekretær i sosialkomiteen Han fekk på ny sete i Stortinget for valperioden 1916-18, då sekretær i justiskomiteen. Heile tida som tingmann representerte han Venstre.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske redaktørar Kategori:Målfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Folk frå Arendal