Bay of Isles er ei bukt mellom Cape Buller og Cape Wilson langs nordkysten av Sør-Georgia. Ho vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook og ho fekk dette namnet av han på grunn av dei mange øyane (minst tolv) i bukta. Mange av desse øyane er kalla opp etter lokale fuglar som:
Albatrossøya (albatross) Crescent Island Invisible Island Mollymawk Island (Thalassarche) Skua Island (joar) Petrel Island (petrellar) Prion Island (Prion) Tern Island (terner)
Området er i lag med Grytviken eit av to turistområde på øya. Av 31 hekkande fugleartar på Sør-Georgia finn ein 17 her i bukta.
Rosita Harbour ligg på vestkysten av bukta.
Kjelder
Stonehouse, B (ed.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)
Kategori:Bukter på Sør-Georgia