Undine Harbour er ei lita bukt inst i bukta mellom Cape Paryadin og Cape Chaplin på sørkysten av Sør-Georgia. Bukta (med Johan Harbour, Coal Harbour og Frida Hole) kan vere ein del av bukta som vart kalla «Adventure Bay» av James Weddell i 1823 og «Discovery Bay» av Discovery Investigations i 1929. Det tilrådde namnet Undine Harbour, etter selfangstskuta «Undine» frå Compania Argentina de Pesca, har vore i bruk om bukta sidan kring 1912. Eit smalt eid skil denne bukta frå Elsehul.
Johan Harbor () er ei lita bukt 0,5 nautiske mil (0.9 km) sørvest for Undine Harbor. Namnet «Johann Harbour» vart nytta på eit kart etter ei landmåling av området under Discovery Investigations i 1926-27. South Georgia Survey rapporterte i 1957 at «Johan» er den korrekte skrivemåten av namnet.
Laurie Point () ligg heilt aust på ei lita øy nær breidda av bukta og markerer sørsida av innløpet til hamna på sørkysten og nær vestenden av Sør-Georgia. Ho vart kartlagd av South Georgia Survey, 1956–57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter A.H. Laurie som deltok under Discovery Investigations i Grytviken, i 1930-31.
Kjelder
Kategori:Bukter på Sør-Georgia