Eit kunstlag eller ei kunstforeining er ein lokal frivillig medlemsorganisasjon som har som føremål å formidle kunst og auke interessa for biletkunst og kunsthandverk innanfor sitt geografiske område. Foreininga skipar til utstillingar, og arrangerer ofte kunstfaglege føredrag, kurs og anna aktivitet, som til dømes formidling av kunst til born og ungdom.

Alle som interesserer seg for kunst og kunstformidling kan verte medlem i ei kunstforeining ved å betale medlemskontingenten. Drifta er i hovudsak basert på at medlemene frivillig tek på seg å arbeide for foreininga utan løn, men rundt 20 av kunstforeiningane i Noreg har ein eller fleire tilsette. Felles for alle kunstforeiningane og kunstlaga, store som små, er at dei driv ikkje-kommersiell verksemd. Ynsket om å formidle kunst ligger til grunn, ikkje å tene pengar. Eventuelle inntekter og overskot frå sal av kunst, vert brukt til å vise utstillingar med mindre salspotensial, eller til å kjøpe inn kunst til eigne kunstsamlingar.

Drift og organisasjonsform Kunstforeininga vert leia av eit styre som medlemmene vel på årsmøtet.

Kunstforeiningane er ein viktig del av grunnmuren i kunstformidlinga i Noreg. Mange stader i landet er det langt til næraste kunstmuseum eller galleri, og ein stor del av publikum får difor sitt første møte med den visuelle kunsten i ei kunstforeining. Organisasjonen Norske Kunstforeninger, som er paraplyorganisasjon for 162 kunstforeiningar, kunstlag og kunsthallar, arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i kunstforeiningsnettverket, og legg til rette for at foreiningane kan verte profesjonelle visningsstader for kunst. 

Mange kunstforeiningar tek eit spesielt ansvar for å gje lokale og regionale kunstnarar høve til å få arbeida sine utstilte og selt. Kunstforeiningane kan vere eit springbrett for unge, uetablerte kunstnarar til å gjere seg kjent og skaffe seg ein posisjon – mange kjende norske kunstnarar har debutert i ei kunstforeining. Men dei større kunstforeiningane viser primært utstillingar av anerkjende norske og internasjonale samtidskunstnarar. Dei siste åra har nokre av dei større kunstforeiningane skifta namn til kunsthall, men dei er framleis organisert som kunstforeiningar. Kunsthallar produserer og kuraterer i større grad eigne utstillingar, og dei er ofte meir internasjonalt retta.

Mange kunstforeiningar mottek stønad frå kommune og fylkeskommune, i tillegg til at ein handfull får driftsstønad frå staten. Andre kunstforeiningar mottek ikkje faste offentlege tilskot, og må basere drifta på medlemskontingent, prosjektmidlar, dugnadsarbeid, eventuelle sponsormidlar og salsinntekter frå utstillingar. Nokre eig eigne utstillingslokale, nokre har gratis lokale gjennom kommunen, medan andre leiger utstillingslokale i kulturhus, museum og anna.

Dei fleste av kunstforeiningane og kunstlaga i Noreg er medlemmer i paraplyorganisasjonen Norske Kunstforeninger. Samla har dei 170 foreiningane om lag 30 000 medlemmer. Rundt 600 000 besøkjer årleg dei vel 1000 utstillingane som vert arrangert i kunstforeiningane.Medlemsundersøking gjennomført av Perduco i 2011 , norskekunstforeninger.no Kunstforeiningane i Nordland, Troms og Finnmark er i tillegg organiserte i organisasjonen Se kunst i Nord-Norge.

Historikk Dei første kunstforeiningane i Noreg vart stifta på 1830-tallet, etter inspirasjon frå kunstforeiningane i Tyskland. Det var den norske kunstnaren J. C. Dahl som tok med seg ideen om kunstforeiningar heim til Noreg, etter å ha sett oppbløminga av kunstforeiningar i Tyskland. Iveren til Dahl var ein avgjerande faktor for opprettinga av dei første kunstforeiningane i landet; Christiania Kunstforening (no Oslo Kunstforening) i 1836 og Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) i 1838. Til samanlikning vart den første offentlege visingsstaden for kunst, Nasjonalgalleriet, først oppretta i 1842.

I vedtektene til dei første norske kunstforeiningane heitte det at dei hadde som føremål å vekkje kjærleik for biletkunst, og arbeide for å fremje norsk kunst. Medlemmene betalte kontingent, arrangerte utstillingar og medlemslotteri. Kunstforeiningane var opne for alle som ynskte medlemskap.

I perioden 1836–1900 vart det etablert kunstforeiningar i dei fleste gamle og store norske byane; Trondhjems Kunstforening (1845), Stavanger Kunstforening (1865, No Kunsthall Stavanger), Drammen Kunstforening (1867), Arendal Kunstforening (1873), Fredrikstad Kunstforening (1875), Christianssands Kunstforening (1881, no Kristiansand Kunsthall) og Kristiansund Kunstforening (1883). På byrjinga av 1900-talet og fram til krigsutbrotet i 1940 heldt denne utviklinga fram med nye kunstforeiningar som Aalesunds Kunstforening (1906), Skiens Kunstforening (1910), Haugesund Kunstforening (1913) og Tromsø Kunstforening (1924). Ofte var kunstnarar og borgarskapet i byane sentrale i stiftinga av kunstforeiningane. Utover på 1940–50-talet vart det også etablert kunstforeiningar i mange av dei mindre byane. Det aller første kunstlaget i bygde-Noreg vart etablert i Volda allereie i 1937. På slutten av 1960-talet ser ein starten på det som skal verte ein kunstforeiningsboom på 1970- og 1980-talet – i desse to tiåra dukkar det stadig opp nye kunstforeiningar, dei aller fleste av desse på mindre tettstader i distrikta. Initiativet til desse kom ofte frå lokale kunstnarar og andre kunstinteresserte innbyggjarar. Utover på 1990- og 2000-talet dabbar tilveksten av nye kunstforeiningar av, men det vert framleis etablert nye kunstforeiningar i Noreg.

Fleire kunstforeiningar har over tid bygd opp store kunstsamlingar. Enkelte av desse kunstsamlingane utgjorde seinare grunnlaget for opprettinga av regionale kunstmuseum som Sørlandets Kunstmuseum, Trondheim Kunstmuseum, Haugesund Billedgalleri og Stavanger Kunstmuseum.

Det har skjedd mykje frå dei første kunstforeiningane vart etablert på 1830-talet og fram til våre dagar, men hovudmålet for kunstforeiningane har heile tida vore å vise kunst til publikum.

Kunstforeiningar i Noreg Det er kunstforeiningar/kunstlag i mange norske byar og tettstader. Lista viser 135 kunstforeiningar og kunstlag sortert etter stiftingsår.Stiftingsårstala er henta frå Brønnøysundregistra

Namn Stiftingsårstal

Oslo Kunstforening 1836

Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) 1838

Trondhjems Kunstforening 1845

Stavanger Kunstforening (no Kunsthall Stavanger) 1865

Drammen Kunstforening 1867

Arendal Kunstforening 1873

Fredrikstad Kunstforening 1875

Christianssands Kunstforening (no Kristiansand Kunsthall) 1881

Kristiansund Kunstforening 1883

Aalesunds Kunstforening 1906

Skiens Kunstforening 1910

Haugesund Kunstforening 1913

Tromsø Kunstforening 1924

Sarpsborg Kunstforening 1931

Sandefjord Kunstforening 1933

Kragerø Kunstforening 1935

Volda kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) 1937

Mandal Kunstforening 1939

Ørsta Kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) 1941

Horten og Borre Kunstforening 1941

Gjøvik Kunstforening 1944

Moss Kunstforening 1944

Ulstein Kunstlag 1944

Bodø Kunstforening 1945

Halden Kunstforening 1946

Namsos Kunstforening 1946

Elverum Kunstforening 1947

Hamar Kunstforening 1947

Oppdal Kunstlag 1947

Narvik Kunstforening 1948

Farsund Kunstforening 1952

Modum Kunstforening 1952

Voss Kunstlag 1952

Heimdal Kunstforening 1953

Bryne Kunstforening 1955

Drøbak Kunstforening 1955

Sandnes Kunstforening 1955

Porsgrunn Kunstforening (no Kunsthall Grenland) 1957

Kongsberg Kunstforening 1961

Vadsø Kunstforening 1966

Alta kunstforening 1967

Hammerfest Kunstforening 1967

Odda Kunstforening 1968

Mosjøen Kunstforening 1968

Rana Kunstforening 1968

Seljord Kunstforening 1968

Ski Kunstforening 1968

Harstad Kunstforening 1969

Asker kunstforening 1970

Nittedal Kunstforening 1970

Valdres Kunstforening 1970

Ål Kunstforening 1970

Hadsel Kunstforening 1971

Svolvær Kunstforening 1971

Ås Kunstforening 1971

Lørenskog kunstforening 1972

Nesodden Kunstforening 1972

Ullensaker kunstforening 1973

Grimstad Kunstforening 1974

Orkdal Kunstforening 1974

Røros Kunstlag 1974

Sunnfjord Kunstlag 1975

Ørland/Bjugn Kunstforening 1975

Rakkestad kunstforening 1976

Steinkjer Kunstforening 1976

Vestvågøy Kunstforening 1976

Gran Kunstforening 1977

Herøy Kunstlag 1977

Kvam Kunstlag 1977

Levanger kunstforening 1977

Hjelmeland Kunstlag 1978

Kongsvinger Kunstforening 1978

Nøtterøy Kunstforum 1978

Ryfylke Kunstlag 1978

Aurskog-Høland Kunstforening 1979

Fet Kunstforening 1979

Høyanger Kunstlag 1979

Rælingen Kunstforening 1979

Saltdal Kunstforening 1979

Vestby Kunstforening 1979

Vindafjord Kunstlag 1979

Groruddalen Kunstforening 1980

Nes Kunstforening 1980

Skaun Kunstforening 1980

Søgne Kunstlag 1980

Østensjø Kunstforening 1980

Lillesand Kunstforening 1981

Oppegård Kunstforening 1981

Rissa Kunstforening 1981

Haram Kunstlag 1982

Trysil Kunstforening 1982

Karmøy Kunstforening 1983

Åsnes Kunstforening 1983

Aukra Kunstlag 1984

Enebakk Kunstforening 1984

Tingvoll Kunstlag 1984

Eidsberg Kunstforening 1985

Luster Kunstlag 1985

Melhus Kunstforening 1985

Måløy Kunstlag 1985

Neadalen Kunstforening 1985

AKFO 1987

Kunstforeningen Verdens Ende 1987

Råde Kunstforening 1987

Skedsmo Kunstforening 1987

Lier Kunstforening 1988

Stjørdal Kunstforening 1988

Balestrand Kunstlag 1989

Gol Kunstforening 1990

Larvik Kunstforening 1990

Suldal Kunstlag 1990

Tysvær Kunstlag 1990

Rennesøy Kunstlag 1992

Sør-Odal Kunstforening 1992

Bærum Kunstforening 1993

Tynset Kunstlag 1994

Aure Kunstlag 1995

Flå Kunstforening 1995

Hurum Kunstlag 1995

Meråker Kunstforening 1995

Bømlo Kunstlag 1996

Stord Kunstlag 1996

Sykkylven Kunstlag 1996

Tinn kunstforening 1996

Kviteseid Kunstforening 1998

Nedre Eiker Kunstforening 1999

Sørum Kunstforening 2000

Øksnes Kunstforening 2001

Åsane Kunstforening 2001

Hvaler Kunstforening 2002

Solund Kunstlag 2002

Dovre og Lesja kunstforening 2009

Kjøllefjord Kunstforening 2010

Osterøy Kunstlag 2010

Austevoll kunstforening 2013

Frøya kunstforening 2013

Kjelder

Bakgrunnsstoff Internettsida til Norske Kunstforeninger: Hva er en kunstforening? Kategori:Kulturorganisasjonar