Hammerstad Reef er eit rev 1,5 nautiske mil sør for Cape Rosa, som ligg i den nordlege delen av innløpet til Queen Maud Bay utanfor sørkysten av Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Thorleif Hammerstad, ein selfangar i Compañía Argentina de Pesca i Grytviken i fleire år frå 1946.

Kjelder

Kategori:Rev i Antarktis Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn