Heinz Kuttin () er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Gassen i Kärnten. Han vart verdsmeister i normalbakken under Ski-VM 1991, der han også vann eit VM-gull med Austerrike sitt lag i laghopp.
Aktiv Kuttin debuterte i verdscupen som 16-åring, og kom på ein fin åttandeplass. Han deltok i OL 1988 i Calgary og vart nummer seks og beste austerrikar i normalbakken. I VM 1989 i Lahti tok han bronsemedaljen i normalbakken.
To år seinare, under VM 1991 vart han verdsmeister i normalbakken med 222,9 poeng, 0,9 framom sølvvinnaren Kent Johanssen frå Noreg. Tidlegare i same meisterskapen vann han også VM-gull i lagtevlinga, dei andre på Austerrike sitt lag var Ernst Vettori, Andreas Felder og Stefan Horngacher.
Under OL 1992 i Albertville fekk Kuttin bronsemedaljen i storbakken og ein sølvmedalje i lagtevlinga. Både under Ski-VM 1993 i Falun og under OL på Lillehammer vart det bronsemedaljar på Austerrike i laghopp, Kuttin var på laget begge gongane.
Kuttin vann to verdscuprenn, begge i Granåsen i Trondheim (1991 og -92), og kleiv på pallen etter tolv verdscuprenn (2-6-4). Dessutan var han med å vinne to lagtevlingar i verdscupen. Han la opp som aktiv i 1995.
Verdscupsigrar Dato Stad Land 13. mars 1991 Trondheim Noreg 8. mars 1992 Trondheim Noreg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heinz Kuttin» frå , den 2. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994