Tijuca Point er eit nes på nordvestsida av innløpet til Hound Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Namnet Penguin Point vart truleg nytta om dette neset av mannskap på Discovery Investigations som kartla dette neset medan dei segla forbi i 1930. Etter South Georgia Survey, 1951–52, vart det tilrådd at namnet burde endrast for å ikkje forveksle det med andre «Pingvin»-namn. Namnet Tijuca Point vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter «Tijuca», ein tremasta bark bygd i Nantes i 1866. Frå 1908 og frametter vart ho nytta som transport fartøy av Compania Argentina de Pesca, som ligg mellom Buenos Aires og kvalstasjonen i Grytviken. Ho forliste i 1946.
Kjelder
Kategori:Nes på Sør-Georgia