Ola Olstad ()http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy var ein norsk zoolog og polarforskar, og det første menneske som sette sine bein på Peter I Øy i Antarktis.
Virke
I 1918 vart Olstad tilsett ved Zoologisk museum i Oslo der han først arbeidde i den statlege forsøksverskemda for ferskvassfiskeria under Knut Dahl. Etter eit par år tok han opp studiar over lirypa i Øyer i Gudbrandsdalen, og vart tilknytt Landbruksdepartementet som jaktkonsulent.
Statens viltundersøkelser (Viltforskninga, som i 1974 vart endra til Direktoratet for vilt og ferskvassfisk) vart frå oppstarten i 1936 leia av Olstad. Han var spesielt opptatt av utbreiinga og utnyttinga av elg, rådyr, villrein og bever og gav i 1945 ut boka Jaktzoologi. Han arbeidde òg med biologien hos artar som kråke, jordugle og gråtrost.
mini|venstre|Peter I Øy i Antarktis.
Olstad deltok i 1927/28 i den første Norvegia-ekspedisjonen til Bouvetøya og Sør-Georgia. Sesongen etter leia han den andre Norvegia-ekspedisjonen til Peter I Øy i Amundsenhavet, utanfor Ellsworth Land i Vest-Antarktis. Olstad var den første i verda som sette bein på den avsidesliggande øya. Olstad gjorde krav på øya for kongeriket Noreg.
Olstadbreen på Peter I Øy og Olstadtoppen på Annenkovøya i Søratlanteren er kalla opp etter han.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ola Olstad» frå , den 11. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske zoologar Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Norske antarktisfararar