Dag Seierstad () var ein norsk SV-politikar og samfunnsdebatant.
Liv og virke Seierstad var utdanna fysikar og arbeidde ei rad år som amanuensis i samfunnspolitikk ved Høgskolen i Lillehammer.
I 1958 vart han med i Sosialistisk Studentlag. Han var medlem i SF frå starten i 1961 og sentralstyremedlem i perioden 1969-1973.
Seierstad var sentralstyremedlem i SV frå 1995-2005, og partiets førstekandidat i Oppland ved stortingsvala i 1993 og 1997.
Motstand mot EF og EU har vore kampsakene til Seierstad og han skriv artikler om EU i Klassekampen kva veke.
I november 2006 gav Pax forlag ut Festskrift for Dag Seierstad, som hadde samla ei rad av artiklane hans frå 1949 til i dag. I 2006 fekk han Neshornet, Klassekampens kulturpris. Under Nei til EU sitt landsmøte 10. november 2012 vart Seierstad utnemnd til det første æresmedlemmet av organisasjonen.
Dag Seierstad var far til journalisten og forfattaren Åsne Seierstad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dag Seierstad» frå , den 17. desember 2012.
Kategori:SV-politikarar Kategori:Nei til EU Kategori:Folk frå Oslo