Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV) var eit skipsverft i Trondheim. Verftet vart grunnlagt i 1872 og nedlagt i 1983. Det leverte fleire skip til Hurtigruta.
Skipinga av TMV
mini|Verftsdirektør Hans Georg Jürgens
I 1862 vart det oppretta eit aksjeselskap som skulle vidareføre drifta av det mekaniske verkstaden Fabriken ved Nidelva. Teknisk styrar av verksemda vart John Trenery, som hadde bygt opp verkstaden.John Trenery på nettstaden til Strinda historielag Det vart utvida med eit moderne skipsverft på Øvre Bakklandet, med tre beddingar og eit kaianlegg. Eitt av oppdraga til verftet på denne tida var DS «Indherred», som var bestilt av Stenkjær dampskibsselskab.
I 1872 vart verftet slått saman med jernstøyperiet og verftet Trolla Brug under namnet Trondhjems mekaniske verkstæd. Då hadde verksemda om lag 400 tilsette. Som følgje av den økonomiske verdskrisa midt på 1870-talet måtte verftet innskrenke mykje, og gjekk konkurs i 1876. I 1878 vart det starta ny verksemd under same namn, verftet vart omorganisert og hadde på 1880-talet igjen om lag 400 tilsette.
Sidan plasseringa til verftet ved elveslynga gjorde at det var avgrensa kor store skip som kunne byggast, kjøpte TMV i 1886 ei ny tomt i Rosenborgfjæra. I 1888 vart H. G. Jürgens tilsett som ny teknisk direktør, og stod for grunnlegginga av det nye verftet.
Gullalderen til verftet - 1890 til 1920
mini|venstre|Dampskipet DS «Erling Jarl»
Flyttinga var fullført i 1895, og eit av dei første byggeoppdraga som vart ferdigstilt, var Hurtigruteskipet DS «Erling Jarl». Ved hundreårsskiftet vart verftet slått saman med Trondhjems Dokselskab og vart då eit av dei viktigaste skipsverfta i landet på denne tida.
TMV hadde då eit areal på 53 000 kvm. På fire beddingar kunne det byggast skip opp til 380 fot. I to tørrdokker på 280 og 310 fot kunne det gjerast reparasjonar. Standard skipsstorleik som vart bygt ved hundreårsskiftet var på om lag 1100 BRT. Verftet hadde om lag 700 tilsette og var den åttande største bedrifta i landet. Heile prosessen, frå planlegging til utrusting av skipa skjedde på verftet. Verftet hadde eige maskinverkstad, kjeleverkstad og støyperi. I snikkaravdelinga vart skipsinnreiingane produsert.
mini|DS «Haakon VII»
Verftet leverte i denne periode fleire skip til reiarlag over hele landet, i 1907 DS «Haakon VII» til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab.
Motgangstider for TMV - 1920 til 1960
mini|MS «Harald Jarl»
Dei økonomiske nedgangstidene etter første verdskrigen råka òg TMV. Mange kontraktar vart kansellert og mengda ordre vart sterkt redusert. Eit oppsving kom i gang i slutten av 1930-talet, men vart stoppa av andre verdskrigen.
Sidan Nidelv bru stengte Nidelva for større skip, bygde TMV ein dokk i Ytre hamnebasseng. Han vart i 1930 flytta til Nyhavna.
I 1940 overtok dei tyske okkupasjonsstyresmaktene styringa av verftet. Ein del uferdige byggeoppdrag vart ferdigstilt og levert til tyske reiarlag. TMV vart brukt til å reparere fartøy i tysk teneste.
I 1960 leverte verftet hurtigrutenskipet MS «Harald Jarl», som var byggenummer 244 ved TMV. Ved leveringa var ho det største skipet hurtigruteflåten.
Dei siste åra
mini|venstre|MS «Narvik»
TMV vart ein del av Aker-gruppa etter at Akers Mekaniske Verksted overtok aksjemajoriteten i 1960. I denne perioden vart det høvesvis produsert fiskefartøy. Det var høg aktivitet, og ein ny beddinghall vart reist i 1966.
Styresmaktene sette inn støttetiltak for å hjelpe verftsindustrien i den dårlege marknaden for nybygg på 1970-talet. TMV fekk kontrakt på nye hurtigruteskip og leverte i 1982 MS «Narvik» til Ofotens Dampskibsselskab. Same året bestemte Aker-konsernet at det skulle satsast på oljeverksemd. Etter ein periode med lite ordretilgang og permitteringar, vart bedrifta nedlagt i 1983.
Dei tidlegare områda til tidlegare område husar i dag den nye bydelen Nedre Elvehavn. Fleire av dokkene og bygningane er bevarte og gjev den nye bydelen eit særpreg.
mini|TMV i dag
Skip bygd ved Trondhjems Mek. Værksted
Lista er ikkje fullstendig.
Nr. Overlevert Namn Type Tonnasje Reiarlag Heimehamn Anna 1 1850 DS «Nidelven» Lokalrutebåt ?? brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim 17 1870 DS «Nor» 158 brt Hammerfest Dampskibsselskab Hammerfest 31 1874 DS «Mandal» Lokalruteskip 159 brt Mandal & Omegnes Dampskibsselskab Mandal Forlist 1941 39 1880 DS «Einar» Lasteskip 47 brt Trondhjems Lekterkompagni Trondhjem Forlist 1924 50 1889 DS «Erik Jarl» Lokalruteskip 152 brt Stenkjær Dampskibsselskab Steinkjer 51 1890 DS «Jotunheim» Kystruteskip 293 brt Sogns Dampskibsselskab AS / v. Erik Rusten Bergen 56 1891 DS «Eira» Lokalrutebåt 90,56 brt Romsdals Dampskibsselskab Molde Forliste 1952 73 1895 DS «Erling Jarl» Kystruteskip 677 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim Opphogd 80 1898 DS «Røst» Lokalruteskip 290 brt Vesteraalens Dampskibsselskab Stokmarknes Hugget 89 1900 DS «Nanna» Lasteskip 1125 brt Johan C. Giertsen Bergen krigsforlist 1918 90 1900 DS «Vikingen» Lokalruteskip 421 brt Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab Bergen 113 1904 DS «Karmsund» Lokalruteskip 253 brt Haugesund Dampskibsselskab Haugesund 123 1906 DS «Tordenskjold» Kystruteskip 921 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim 125 1907 DS «Haakon VII» Kystruteskip 1 347 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim 133 1908 DS «Odin» Lokalruteskip 158 brt Throndhjems Lægterkompani / v. Emil Tønnesen Trondheim 136 1909 DS «Richard With» Kystruteskip 905 brt Vesteraalens Dampskibsselskab Stokmarknes 138 1909 DS «Driva» Kystruteskip 285 brt Nordmør Dampskibsselskab Kristiansund N 139 1909 DS «Kysten» Lokalruteskip 292 brt Namsos Dampskibsselskab Namsos Veteranskip 143 1910 DS «Kong Gudrød» Kystruteskip 1 091 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim 148 1912 DS «Herdis» 1156 brt Bachke & Co. Trondhjem Krigsforlist 151 1912 DS «Finmarken» Kystruteskip 1119 brt Vesteraalens Dampskibsselskab Stokmarknes Hugget 1961 153 1913 DS «Roald Jarl» Lasteskip 1404 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Hugget 1960 159 1914 DS «Stavanger I» Kystruteskip 718 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Hugget 1967 170 1918 DS «Arild» Lasteskip 1119 brt A/S D/S Arild Kristiania Forlist 1924 186 1924 DS «Nordnorge» Kystruteskip 873 brt Ofotens Dampskibsselskab Narvik Krigsforlist - 1940 195 1929 DS «Barøy» Kystruteskip 424 brt Ofotens Dampskibsselskab Narvik Krigsforlist - 1941 197 1930 DS «Siak» Lasteskip 1150 brt A/S Skuld ved Nils Bull Tønsberg Opphogd 1960 199 1931 DS «Lyngen» Kystruteskip 498 brt Troms Fylkes Dampskipsselskap Tromsø 205 1937 MF «Geiranger» Bilferje 242 brt Statens Vegvesen Molde 213 1948 DS «Songa» 2066 brt Klaus Wiese Hansen Bergen 1952 MS «Barøy» Kystruteskip 900 brt Ofotens Dampskibsselskab Narvik Senket 228 1954 MS «Kongsbru» 2029 brt A/S Solvang (A. Gowart-Olsen) Stavanger Opphogd 244 1960 MS «Harald Jarl» Kystruteskip 2 568 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim 783 1977 MF «Ølen» Bilferje 904 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskab Bergen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trondhjems Mekaniske Værksted» frå , den 18. desember 2012. oppgav desse kjeldene: Bratberg, Terje T. V.: Trondheim Byleksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 1996 ISBN 82-573-0642-8 Hansen, Finn R.: Trondhjems Mekaniske Værksted 1843-1983 – her byggedes skibe -, Trondheim 1995
Bakgrunnsstoff TMVs historie (Strinda historielag - WikiStrinda) TMVs historie (Kilde- og kunnskapsbase for Trøndelag - kildenett.no) title=DigitaltMuseum:%20Søk:%20%20'tmv'%20 Historisk bildemateriale frå TMV (Digitalt Museum) Klipp frå NRK radio ved nedlegginga av TMV 12.10.1983 TMVs private arkiv ved NTNU Universitetsbiblioteket
Kategori:Skipsverft i Trondheim Kategori:Skipingar i 1872 Kategori:Nedleggingar i 1983 Kategori:Østbyen i Trondheim