Bislama er eit kreolspråk som blir tala på Vanuatu og Ny-Caledonia. Det er et offisielt språk på Vanuatu saman med fransk og engelsk, og blir brukt som eit lingua franca på øygruppa. Bislama er førstespråk for mange bybuarar i Port Vila og Luganville, og andrespråk for mange andre øybuarar. Størstedelen av ordforrådet i bislama kjem frå engelsk, med ein del andre ord frå vanuatiske språk og fransk. Syntaksen er derimot oseanisk.
Namnet på språket er avleidd frå «Beach-la-Mar», ei nemning for sjøpølse. På 1840-talet blei språket nytta i samband med innhausting og tørking av sjøpølser og sanking av sandeltre. Det er også blitt kalla «Sandalwood English».
Døme Den vanuatiske nasjonalsongen «Yumi, Yumi, Yumi» er på bislama.
Dei to første versa av «Yumi, Yumi, Yumi».Refreng:
Yumi, Yumi, yumi i glad long talem se Yumi, yumi, yumi ol man blong Vanuatu
God i givim ples ya long yumi, Yumi glat tumas long hem, Yumi strong mo yumi fri long hem, Yumi brata evriwan!
(Refreng)
Plante fasin blong bifo i stap, Plante fasin blong tedei, Be yumi i olsem wan nomo, Hemia fasin blong yumi!Engelsk omsetjing
We (, We, We) are happy to proclaim We (, We, We) are the People of Vanuatu!
God has given us this land; This gives us great cause for rejoicing. We are strong, we are free in this land; We are all brothers.
(CHORUS)
We have many traditions And we are finding new ways. Now we shall be one Person, We shall be united for ever. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bislama» frå , og «Bislama» frå den 21. desember 2012.
Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Språk på Ny-Caledonia Kategori:Språk på Vanuatu Kategori:Einskildspråk