mini|Kvinnekappe med hette frå Provence frå 1785-1820.
Kappe er eit klesplagg festa ved skuldrene og hengjande laust nedover kroppen. Kapper finst i mange ulike lengder og kan vera draperte av enkle, flate tøystykke eller vera formsydde. Dei kan berast opne framme eller på ei side, delvis lukka (til dømes i halsen) eller vera lukka heilt rundt. Plagga kan ha kragar, hetter og ei viss form for erme.
mini|venstre|Hertug Mollien i hoffklede med kappe under det franske keisardømet (1758-1850).
Ordet «kappe» kjem frå mellomalderlatin cap(p)a gjennom norrønt kápa. Det er i slekt med «kåpe».
Ein kjenner kapper frå heile verda. I Norden finst det døme på kapper frå bronsealderen.
Ulike kappetypar Burnus Cape (kep) Kavai Kutte Lukka (luhkká) Poncho
Kjelder
«kappe – ytterplagg» i Store norske leksikon.
Kategori:klede for overkroppen Kategori:ytterklede Kategori:Draperte klede