Sørazerisk eller søraserbajdsjansk er eit tyrkisk språk tala nordvest i Iran og i tilgrensande regionar i nabolanda Afghanistan, Irak, Tyrkia og Syria. 16 % av folket i Iran taler sørazersisk – i alt skal nær 13 millionar menneske ha sørazersisk som førstespråk.Ethnologue – languages of the world I Iran blir språket skrive med arabisk skrift; i nabolanda kan språket òg bli skrive med kyrillisk og latinsk alfabet. Nokre vil rekne språket som ein dialekt av aserbajdsjansk, men ISO registrerer nordaserbajdsjansk og søraserbajdsjansk som to åtskilte språk.
Iranarar som taler sørazeri kallar ofte språket sitt for «türki» eller «torki», mens dei kallar det offisielle språket i Tyrkia for «İstambuli türki» (anatolisk tyrkisk).
Referansar
Kategori:Aserbajdsjansk språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Iran