Cape Hinks er eit bratt nes nedanfor ein høg isdekt dom, heilt nord i Finley Heights på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Det vart oppdaga og fotografert av sir Hubert Wilkins på flyturen hans den 20. desember 1928. Det vart seinare fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth i 1935, og av U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940. Neset vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Arthur R. Hinks, sekretær i Royal Geographical Society, 1915–45, som i studiane han publiserte samla oppdagingane til Wilkins, Ellsworth, Rymill og USAS i området.
Kjelder
Kategori:Nes i Palmer Land