mini|Den nasjonale revolusjonshæren marsjerer inn i dei britiskkontrollerte bydelane i Hankou.
Nordfelttoget eller Nordekspedisjonen var eit militært felttog i Kina som varte frå 1926 til 1928, og som vart leia av nasjonalistpartiet Guomindang og den nasjonalrevolusjonære hæren. Målet var å spreia den kinesiske revolusjonen og samla den tidlegare keidarriket som hadde vort delt opp mellom ulike krigsherrar etter at president Yuan Shikai døydde i 1916.
Felttoget vart sett i sving i juli 1926 og vart avslutta med at den najonalrevolusjonære hæren erobra Peking den 8. juni 1928. Seinare same året danna Chiang Kai-shek ei ny nasjonal regjering i Nanjing. Nordfelttoget førte til eit definitivt brot mellom Guomindang og Kinas kommunistiske parti og markerer innleinga på det fyrste stadiet av den kinesiske borgarkrigen, som varte fram til 1936.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nordfälttåget» frå , den 3. januar 2013.
Kategori:Kinesisk historie Kategori:1920-åra