Sola er ein kommune i Rogaland fylke med om lag 27 669 innbyggjarar per 1. januar 2022. Det bur 14 125 i Solakrossen, 6 528 i Tananger, 970 i Hålandsmarka og 1056 i Stenebyen. Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323. Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.
Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes.
I Sola kommune ligg Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola flystasjon, i tillegg finn ein eit industriområde med eit stort hamneanlegg i Risavika der mellom anna Fjordline har eit ferjesamband over til Hirtshals.
Geografi Sola kommune ligg nord på Jæren, ved Hafrsfjord. Kommunen grensar til Klepp kommune i sør, Sandnes kommune i aust og Stavanger kommune i aust og nord. I vest grensar kommunen til Nordsjøen.mini|Solastranda.I Sola finst mange vakre sandstrender, mellom anna Solastranda. Høgaste punkt i kommunen er Kjerrberget (101 moh.).
Sola kommune har eit areal på 69 km², der størstedelen er fruktbart sletteland. Omtrent 41 km² vert nytta til jordbruk.
Øya Rott er kjend for sitt fugleliv. Her ligg det sørlegaste fugleværet i Noreg.
Historie
Sola kommune er rik på spor etter menneskeleg verksemd, frå steinalderen via bronsealderen, vikingtida og fram til i dag. Rike gravfunn, mange fornminne og spor etter store gardar fortel om ei stordomstid heilt attende til bronsealderen. Rægehaugane er det rikaste gravfunnet i Noreg frå bronsealderen.
Kjende namn frå vikingtida er Harald Hårfagre (om lag 865- om lag 933) og Erling Skjalgsson (fødd om lag 975). Begge er viktige i Noregssoga. Erling Skjalgsson er kalla Rygekongen eller Rygane sin konge. Ein kald ettermiddag før jul i 1028 vart han hoggen ned av Aslak Fitjaskalle si stridsøks.
Samlinga av Noreg til eitt rike skjedde truleg rett ved Ytraberget i Sola kommune. Slaget i Hafrsfjord stod i 872 eller nokre år etter det. Ein bautastein med kong Olav V sin signatur vart reist nær toppen av Ytraberget ved 1100-års jubiléet i 1972. Monumentet 'Sverd i fjell' av kunstnaren Fritz Røed vart avduka i 1983. Det ligg i Møllebukta (ved den delen av Hafrsfjord som høyrer til Stavanger kommune).
Sola Ruinkyrkje frå 1120-1150 er restaurert og vart gjenopna i 1995.
Alt på 1200-talet var Sola delt i tre sokn med kvar si kyrkje, ei på Håland, ei på Sola og ei på Tjora. Det var desse tre sokna som i 1840 vart slegne saman til eitt.
Det fyrste heradsstyret i Håland (då skrive Haaland) vart kalla saman i 1837 og valde losoldermann Gabriel Monsen til sin fyrste ordførar. Den tidlegare kommunen Håland herad vart i 1930 delt mellom Sola og dåverande Madla kommune. Madla vart i 1965 slegen saman med Stavanger.
Museum Flyhistorisk Museum Sola Kystkultursamlinga i Tananger Rogaland Krigshistoriske Museum (RKM)
Avis Solabladet er lokalavisa i Sola. Regionavisa Stavanger Aftenblad har òg nyhende frå Sola kommune.
Kjende personar frå Sola Erling Skjalgsson (ca. 960-1027), hovding frå vikingtida Rasmus Sørnes (1893-1967), oppfinnar, klokkemakar John Skien (f. 1944), programleiar/reporter i NRK Rogaland Vegar Hoel (1973-2021), skodespelar Pia Tjelta (f. 1977), skodespelar Camilla Herrem (f. 1986), handballspelar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Sola kommune
Kategori:Kommunar i Rogaland
Kategori:Jæren Kategori:Norske kommunar skipa i 1930