White-elva er ei elv i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand. Ho renn ut frå dei austlege flankane av Søralpane, og munnar ut i Waimakariri River. Elva er tilgjengeleg ved å køyra State Higway 73 til Klondike Corner, og så følgja Waimakariri opp til Carrington Hut, og gå vestover. Den vanlegaste grunnen til å gå opp til White River, er å nå opp til Barker Hut, ein base for klatring i Mount Murchison, Wakeman og Harper. Følgjer ein elva til utspringet, kjem ein fram til White Col.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «White River (New Zealand)» frå , den 14. januar 2013.
Kategori:Elver på New Zealand Kategori:Canterbury på New Zealand