Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar.

Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øyane Sonsoral og Tobi. Det andre offisielle språket i øyriket er engelsk.Palau i The World Factbook, cia.gov Utanom Palau finst det ein del språkbrukarar på Guam og i USA.Palau. Lewis, M. Paul (ed.), 2009. Ethnologue: Languages of the World, Sixteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International. Online version.]

Språket tilhøyrer den sentral-austlege språkgruppa av malayopolynesiske språk, og skil seg ut frå andre språk i Mikronesia ettersom det verken tilhøyrer dei mikronesiske eller polynesiske språka. Det einaste nærskylde språket i området er chamorro, som mellom anna blir snakka på Guam.

Ein skriv palauske med det latinske alfabetet, etter ein ortografi som blei fastsett på 1970-talet.

Språkdøme

Artikkel 1 frå menneskerettsfråsegna"

PalauiskBelau , L'aménagement linguistique dans le monde (tlfq.ulaval.ca) Norsk A rogui 'l chad el mechell a ngarngii a ilmokl er tir ra diosisiu el llemalt. Ngarngii er tir a uldesuir mete mo meruul el mo rar bebil lokiu a ungil 'l omeruul ra klauchad.Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.

Artikkel XIII, seksjon 1 frå den palauiske grunnloven:

Palauisk Engelskhttp://web.parliament.go.th/parcy/sapa_db/cons_doc/constitutions/data/Palau/Constitution%20of%20the%20Republic%20of%20Palau.htm parliament.go.th]A tekoi er Belau a bo lousbech a buai er a Belau. Ea tekoi er a Belau ma tekoi er a English a bo lousbech er a chelsel a Amt er a Belau. A Olbiil Era Kelulau a mo olterkokl a ungil el usbechel a derta er a ikal bedengel a tekoi. The Palauan traditional languages shall be the national languages. Palauan and English shall be the official languages. The Olbiil Era Kelulau shall determine the appropriate use of each language.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Barnebøker på palauisk Enkle frasar ved palaunet.com Ordliste ved pacificworlds.com Japanese and Other Loanwords in Palauan, Far Outliers

Kategori:Einskildspråk Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Språk på Palau