Markus Anton Svendsen () er ein norsk, tidlegare kombinertrennar frå Havøysund i Finnmark. Han vann kombinertrennet under Svenska skidspelen i 1965 og kombinertrenna i Lahti både i 1966 og 1967. Både i 1967 og 1968 vart han noregsmeister i øvinga. Svendsen representerte Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo.
Aktiv Svendsen vann bronsemedaljen under NM på ski 1965, same året gjekk han heilt til topps i kombinertøvinga i Svenska Skidspelen. Både i 1966 og i 1967 vann han kombinert i Lahti, den sistnemnde sesongen vann han sitt fyrste norske meisterskap i øvinga. Han gjentok prestasjonen då han sikra seg NM-tittelen for 1968 i Ørskog på Sunnmøre.
Svendsen deltok for Noreg i tre internasjonale meisterskap. Under verdsmeisterskapen i Oslo 1966 vart han nummer ni. To år seinare, under dei olympiske leikane i Grenoble hamna han på 27. plass, då alle dei norske kombinertløparane smurde seg fullstendig vekk i langrennet, medan han i ski-VM 1970 kom på 19. plass.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1963: Nr 10 i Svenska Skidspelen i Falun 1964: Nr 12 i Holmenkollen 1965: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun, nr 4 i Holmenkollen og nr 6 i Lahti 1966: Vinnar i Lahti, nr 9 i ski-VM i Oslo 1967: Vinnar i Lahti, nr 3 både i Holmenkollen og i Falun 1968: Nr 3 i Lahti, nr 7 i Holmenkollen og nr 9 i Falun 1969: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun 1970: Nr 2 i Holmenkollen 1971: Nr 6 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 5 på Voss Ski-NM 1965: Bronsemedalje på Fåberg Ski-NM 1966: Nr 4 på Rena Ski-NM 1967: Gullmedalje i Mo i Rana Ski-NM 1968: Gullmedalje i Ørskog Ski-NM 1969: Bronsemedalje på Raufoss Ski-NM 1971: Bronsemedalje på Fåberg Ski-NM 1973: Nr 6 på Lillehammer
Svendsen slutta som aktiv skirennar i 1973, og busette seg etterkvart i Ski i Akershus. I 2008 gav han bort delar av premiersamlinga si til Måsøy kommune.http://www.masoy.kommune.no/index.php?id=4519728&showtipform=1&cat=15290
Notar
Bakgrunnsstoff
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Måsøy