Maoriparakitt (Cyanoramphus malherbi) er ein liten papegøye, endemisk for New Zealand. På New Zealand er han allment kjent som 'Orange-fronted Parakeet', eit namn han deler med ein annan papegøyeart frå Mellom-Amerika. Arten er kritisk truga med 50-249 kjønnsmodne individ igjen i vill tilstand.BirdLife International (2013)
I mange år blei maoriparakitt sett på som ein underart eller som fargevariantArndt, T.: Lexicon of Parrots av den meir vanlege arten gulkroneparakitt. Nyare forsking har vist at dette er ein gyldig sjølvstendig art.Boon, W.M.; Kearvell, J.; Daugherty, C. H.; Chambers, G. K. (2001): Molecular systematics and conservation of kakariki (Cyanoramphus'spp.). Science for Conservation 176 PDF fulltekst Maoriparakitt lever i Nothofagus-skog på Sørøya på New Zealand, sjølv om dei kan ha hatt eit vidare spekter av habitat før tilkoma av menneske. Dei har vorte truga av hogst av opphavleg skog, som gav dei eldre tre som dei hekka i, ved overbeiting av dei låge buskane som dei fann føda i, og av predasjon av introduserte rotter, røyskattar og kattar.
Det vitkaplege artsnamnet heidrar den franske ornitologen Alfred Malherbe.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malherbe's Parakeet» frå , den 23. januar 2013.
BirdLife International (2013) Species factsheet: Cyanoramphus malherbi. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. januar 2013. Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar endemiske for New Zealand