mini|Hotel Mundal i 2007. mini|Hotel Mundal rundt år 1900. Hotel Mundal ligg i bygda Mundal ved Fjærlandsfjorden i Sogn og Fjordane. Dagens bygning i drake- og sveitsarstil er teikna av Peter Andreas Blix.

Breførar Mikkel Mundal og systra Brita dreiv Mundals Gjestgiveri i Fjærland nokre år tidlegare. Mundal og systra, mann hennar Olaus Dahle, samt Per og Johannes Mundal engasjerte Blix til å teikne hotellet som stod ferdig i 1891.

Hotel Mundal var familiedrive frå starten i 1891 og til nokre år ut på 2000-talet.

Hotel Mundal er tildelt Olavsrosa.

I desember 2022 vart arkivet etter Hotel Mundal teke opp som del av Noregs dokumentarv. Arkivet var eitt av ni arkiv som vert teke opp i registeret i 2022, og det første hotellarkivet nokon gong. Arkivet vert bevart av Fylkesarkivet i Vestland, ein del av Vestland fylkeskommune.

Kjelder Hotel Mundal frå Olavsrosa Hotel Mundal arkivert utgåve Arkivet etter Hotel Mundal blir del av Noregs dokumentarv. Vestland fylkeskommune 01.12.2022 Arkivet etter Hotel Mundal, Arkivportalen. Dagbøker om skeiv kjærlighet blir nasjonal dokumentarv. Kulturdirektoratet 01.12.2022

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hotell i Vestland Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Olavsrosa