«I Love You Te Quiero» (engelsk og spansk for Eg elskar deg, eg elskar deg) er ein song av den norske duoen Sirkus Eliassen, gjeven ut 30. januar 2013. Songen er skriven av Magnus Eliassen og Erik Eliassen.
Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på bodødialekt, engelsk og spansk av Sirkus Elissen. Bidraget deltok i den tredje semifinalen, enda på andreplass og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk bidraget vidare til gullfinalen og enda til slutt på tredjeplass. Bidraget fekk ikkje representere Noreg.
Kjelder
Kategori:Melodi Grand Prix 2013-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Spanskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Fleirspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Songar skrivne av Magnus Eliassen Kategori:Songar skrivne av Erik Eliassen