Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats vart gjeve ut i 1990 som det første samlealbumet til Peter Gabriel med songar frå det første soloalbumet sitt Peter Gabriel (I eller Car) (1977) til Passion: Music for The Last Temptation of Christ (1989).
Somme songar var forskjellige frå albumversjonane. Nye delar vart spelte inn for fleire songar i Gabriel sitt Real World Studios. Dei fleste songane vart kutta ned. «Shaking the Tree»— eit spor frå Youssou N'Dour-albumet The Lion frå 1989—var ei nyinnspeling frå 1990 med ny vokal frå Gabriel. «I Have the Touch» er oppført som ein remix frå 1983, men liknar så mykje på ein remix frå 1985 at mange musikkritikarar meiner det er den same.
«Here Comes the Flood» er ei ny innspeling frå 1990. Denne versjonen har eit arrangement med piano og vokal og er langt enklare enn den produserte versjonen på Peter Gabriel (1977).
Albumet inneheld ikkje songar frå Peter Gabriel (II eller Scratch) og filmmusikken til filmen Birdy.
Innhald
Lister ListePlasseringAustralia41Austerrike26Nederland14Tyskland12New Zealand18Sverige10Sveits27Storbritannia11USA Billboard 200 48
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats» frå , den 5. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Album produserte av Daniel Lanois Kategori:Album produserte av Peter Gabriel Kategori:Album produserte av Steve Lillywhite Kategori:Geffen Records-album Kategori:Peter Gabriel-album Kategori:Virgin Records-album