David Frank er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar, pianist og eit av medlemmane som starta R&B-gruppa The System i 1980-åra. Yamaha Music har kalla han «skaparen av elektronisk R&B». http://www.yamaha.com/Artists/ArtistDetail.html?CNTID=33400&CTID=551078&CNTYP=ARTIST#

Frank voks opp nær Boston og spelte klassisk piano frå ung alder. Sidan byrja han å spele i rockeband og fekk seg etter kvart ein synthesizer. Frank flytta til New York og prøvde å bli studiomusikar, men byrja å spele i bryllaup med synthesizerar og trommemaskinar han hadde fått tak i.

I 1981 fekk han tilbod av ein lokal studioeigar i New York om å lage ein dance-song. Frank ønskte opphavleg å nytte naboen sin, Madonna, som ikkje enno hadde vorte kjend, men enda i staden opp med å nytte Mic Murphy. I lag danna dei bandet The System som fekk kontrakt med Mirage Records, som låg under Atlantic Records. Songen dei laga, «In Times of Passion», vart ein lokal hit i New York.

Som klaverspelar og arrangør spelte Frank på songar som Chaka Khan sin «I Feel For You», Phil Collins sin «Sussudio», Mtume sin «Juicy Fruit». Han arbeidde med Arif Mardin på tre songar for Scritti Pollitti og med Russ Titelman på Steve Winwood-albumet «Higher Love», som vart ein stor hit. Etter kvart oppnådde han ein førsteplass i USA med The System og hitten «Don't Disturb This Groove», der Frank nytta bass frå synthesizeren på songen.

Tidleg i 1990-åra flytta Frank til Los Angeles der han opna sitt eige platestudio kalla Canyon Reverb. Ein av dei første artistane han arbeidde med her var Omar. Etter kvart byrja Frank å skrive mykje musikk i Los Angeles og i lag med Pam Sheyne skreiv dei fleire hitsongar i lag som Dream sin «He Loves U Not» og «This Is Me», 98 Degree sin «The Hardest Thing», «O-town» sin «These Are The Days» og Christina Aguilera sin «Genie in a Bottle». For sistnemnde fekk han Ivor Novello-prisen for årets internasjonale hit.

Diskografi 98 Degrees - 98° & Rising Acoustics Moods (Various Artists) American Juniors - American Juniors Angela Bofill - Let Me Be the One Attitude - Pump The Nation Ashford and Simpson - Love Or Physical Bardo Pond - Amanita Beverly Hills Cop Movie Soundtrack Best of Acid Jazz [Global] Billy Idol - Whiplash Smile Billy Squier - Enough Is Enough Brie Larson - Finally Out Of s.E. Carole Davis - I'm No Angel Chaka Khan - CK Chaka Khan - I Feel for You Christina Aguilera - Christina Augiliera Coming to America Movie Soundtrack (Title Track) Divas of Dance Vol. 1 Destiny's Child - Destiny's Child Dupont - New World Beat Dream - It Was All a Dream Eden's Crush - Popstars Eric Clapton - Rush Eternal - Power of a Woman Everybody Dance: 3 CD Limited Edition Gang Related soundtrack Katey Sagal - Well... James Morrison - Undiscovered Junior - Best of Junior Jeff Lorber - Step By Step Jeff Lorber - West Side Stories Jordin Sparks - Jordin Sparks Kleeer Very Best of Kleeer Laura Nyro - Walk the Dog and Light the Light Liberty X - Being Somebody Linear - Caught In The Middle "Lost Souls" - by 2Pac feat. Outlawz samples "Don't Disturb This Groove" Love Shouldn't Hurt (Various Artists) Marked for Death Movie Soundtrack Masters at Work - The Album Michael McDonald - Blink of an Eye Mtume - Juicy Fruit Mtume - You Me & He Nikki Cleary - Nikki Cleary Nine movie soundtrack to be released by Geffen Records on December 22, 2010 Nona Hendryx - Female Trouble Ofra - Haza Ya Ba Ye (Remix) Omar - For Pleasure Omar - This Is Not a Love Song O-Town - O-Town Pauli Carman - Dial My Number Paul Lekakis - Tattoo It Phoebe Snow - Something Real Phil Collins - No Jacket Required The Pussycat Dolls - Doll Domination Rebbie Jackson - Yours Faithfully Robert Palmer - Pride Rod Stewart - Human Ronan Keating - Turn It On S Club 7 - Don't Stop Movin' Scritti Politti - Cupid & Psyche 85 Sheena Easton - My Cherie (single) Sheena Easton - What Comes Naturally Steve Winwood - Back in the High Life Steve Winwood - The Finer Things The System - Don't Disturb This Groove The System - Sweat The System - X-Periment The System - The Pleasure Seekers The System - Rhythm & Romance Takeshi Itoh - T.K. Toya - Toya Vanessa Williams - The Comfort Zone Vitamin C - More Westlife - Westlife Wild Orchid - Wild Orchid Dionne Farris - Wild Seed, Wild Flower Wayne Watson - Field of Souls YM Hot Tracks Vol. 1

Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Frank» frå , den 11. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar