Morten Harry Olsen () i Narvik), er ein norsk forfattar. Olsen har grunnfag i kriminologi frå Universitetet i Oslo og grunnfag i filosofi frå Universitetet i Tromsø. Han har hatt arbeid som ekspeditør, drosjesjåfør, nattportiér, journalist, omsetjar, kontorist, litteraturkritikar, forlagskonsulent og forlagsredaktør. Han har vore formann i Norsk Forfattersentrum (1989-1991), formann i arrangementskomitéen for Brageprisen (1991-1995) og nestformann i Den norske Forfatterforening (1997-1998). Frå 1988 til 1991 var han medlem av Den norske Forfatterforeningens litterære råd. I perioden 1992-1996 var han redaktør for Bokklubben krim og spenning.

Olsen debuterte litterært i 1985 med novellesamlinga For alt hva vi er verdt, som vart påskjøna med Tarjei Vesaas' debutantpris. Fleire av bøkene hans har vekt betydeleg merksemd hjå kritikarane.

Utgjevingar For alt hva vi er verdt – noveller (1985) Ganske enkelt sand – roman (1986) En dans til – roman (1988) Tråder – essays (1989) Mississippi – roman (1990) Syndenes forlatelse – kriminalroman (1991) Mannen som hatet duer – skuespill (1992) Begjærets pris – kriminalroman (1993) Tilfeldig utvalg – kriminalroman (1996) Naken for leseren, naken for Gud: et essay om romanen – litteraturkritikk (1997) Mord og galskap – roman (2000) Mississippi. neo – roman (2002) Størst av alt – roman (2004)

Prisar Tarjei Vesaas' debutantpris 1985, for For alt hva vi er verdt Rivertonprisen 1993, for Begjærets pris Havmannprisen 2004, for Størst av alt

Bakgrunnsstoff Morten Harry Olsens heimesider Kreativ Prosa v/Morten Harry Olsen

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1985 Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen