Both Sides er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det er basert på ein vaksen-orientert softrock og kom ut i november 1993. Collins skapte heile albumet sjølv, utan hjelp frå andre låtskrivarar eller musikarar, og han fekk middels til positive meldingar får kritikarane. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet hadde «kunstnarisk tilfredsstillande» songar med «urolege, ugløymelege soger».

Albumet selde særs godt og gjekk til topps i Storbritannia og nådde åttandeplassen i Australia og 13. plassen i USA. Collins drog ut på ein suksessrik turné etter albumet med over hundre konsertar.

Ei dobbel spesialutgåve av albumet med EP-en Live from the Board – Official Bootleg som ei plate nummer to, kalla Far Side... of the World: Gold Souvenir Tour Edition kom ut i Søraust-Asia og Australia i 1995. Denne nådde 13. plassen i Australia.

Ei nyleg ommastra luksusutgåve på to plater kom ut i januar 2016 som ein del av serien Take a Look at Me Now med nyutgjevingar av studioplaten til Collins.

Historie Both Sides var kjend for at Collins laga plata heilt på eiga hand, utan sine faste samarbeidspartnarar som produsenten Hugh Padgham, gitaristen Daryl Stuermer, bassisten Leland Sklar og the Phenix Horns. I løpet av ein periode på berre seks veker spelte Collins inn alle instrumenta sjølv og produserte heile albumet. Stilen på albumet skil seg derfor frå dei førre albuma til Collins.

Dette er det einaste albumet til Collins der han spelar alle instrumenta sjølv utan samarbeid frå andre musikarar. I plateomslaget skreiv Collins ei forklaring til kva kvar song handla om. Collins uttrykte både sine eigne kjensler og private problem og skreiv om politiske saker på albumet.

Both Sides fekk ei lunken mottaking av somme kritikararr og vart kritisert for hovudsakleg langsame, mørke songar. Tittelsporet på albumet vart gjeve ut som singel og nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 25. plass i USA, noko som var skuffande sidan dei første singlane frå dei to førre albuma hans hadde gått rett til topps i USA. Sjølve albumet nådde berre 13. plass i USA, men selde likevel etter kvart til platina der. Albumet gjorde det godt i fleire europeiske land, som i Storbritannia (der det vart det åttande mest selde albumet i 1993), Tyskland og Sveits, og nådde førsteplassen fleire stader i Europa. Balladen «Everyday» kom ut på singel tidleg i 1994 og nådde 15. plassen i Storbritannia, og vart den mest suksessrike singelen frå plata i USA med ein 24. plass på Billboard Hot 100 og ein andreplass på Adult Contemporary-lista. Den tredje og siste singelen, «We Wait and We Wonder», nådde berre 45. plassen i Storbritannia.

Sjølv om albumet ikkje gjorde det like godt som …But Seriously og No Jacket Required, vart turneen etter albumet ein stor suksess. Turneen varte 13 månader med 150 konsertar fordelt på seks verdsdelar.

Innhald

Medverkande Musikar Alle instrument framført av Phil Collins.

Produksjon Produsert av Phil Collins Lydteknikar: Paul Gomersall Assisterande lydteknikar: Mark Robinson Mastera av Bob Ludwig i Gateway Mastering (Portland, Maine, USA) Fotografi av Trevor Key Kunst: Hills Archer Ink

Salslister og salstrofé

Liste (1993)PlasseringKanadiske album (RPM)6Den danske albumlista (Hitlisten)6 Finnish Albums (Suomen virallinen lista)source: Pennanen, Timo: Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava, 2006. . page: 2806Italienske album (FIMI)1Den japanske albumlista (Oricon)21Portuguese Albums (AFP)1Spanske album (AFYVE)3

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Both Sides» frå , den 13. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Phil Collins-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Phil Collins Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Italia Kategori:Nummer-ein-album i Portugal Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia