Håvard Klemetsen () er ein norsk kombinertrennar som representerer Kautokeino Idrettslag. Klemetsen er fødd i Kautokeino og busett i Trondheim. Han vann VM-gull for Noreg i lagtevlinga i ski-VM 2005 i Oberstdorf og VM-bronse i Sapporo to år seinare. I 2011 fekk han individuelt ein fjerdeplass i ski-VM i Oslo, og i 2014 tok han OL-gull i Sotsji saman med resten av kombinertlaget. Klemetsen har vunne ein verdscupsiger og vore noregsmeister to gongar. Han har sin styrke i hoppbakken, og har leia fleire kombinertrenn føre langrennsdelen.
Karriere Klemetsen debuterte i verdscupen nyårsdag i 2003. I januar 2005 vart han nummer sju i eit verdscuprenn i Schonach, hans beste plassering til dess. Han fekk plass i den norske VM-troppen og vart nummer 20 i den ordinære kombinertøvinga, før han 23. februar 2005 vart verdsmeister for Noreg i lagøvinga, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Kristian Hammer. Under dei olympiske leikane i 2006 vart det ein ny 20. plass individuelt.
Midt i januar 2007 vart Klemetsen nummer fire i verdscupen i Lago di Tesero, hans beste verdscupplassering så langt. I VM 2007 i Sapporo kom han på 16. og 19. plass i dei individuelle tevlingane, men vann bronsen i lagkonkurransen saman med Espen Rian og førnemnde Petter Tande og Magnus Moan.
Etter nokre sesongar med få gode prestasjonar nærma Klemetsen seg verdseliten i 2011-sesongen. Han deltok i begge dei individuelle tevlingane i verdsmeisterskapen i Oslo og vart nummer ni i øvinga der det vart hoppa i normalbakken. I den siste øvinga, då det vart hoppa i storbakken Holmenkollbakken, overraska han stort og vart beste nordmann på fjerdeplass.
Klemetsen tok sin fyrste verdscupsiger 3. desember 2011 på Lillehammer. Det vart då hoppa i 100-metersbakken og gått 10 km langrenn, der Klemetsen spurtslo Alessandro Pittin frå Italia med to tidels sekundar. Knapt eit år seinare oppnådde Klemetsen sin andre pallplass i verdscupen, også då på Lillehammer, der han i ei kombinertøving med strafferundar vart slått av Magnus Moan med fem sekundar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 2003: Nr 23 i Chaux-Neuve 2004: Nr 13 i Seefeld og Lahti 2005: Nr 7 i Schonach og i Liberec 2005/06: Nr 8 i Ruhpolding og Ramsau 2007: Nr 4 i Lago di Tesero 2008: Nr 4 i Klingenthal 2009: Nr 7 i Lahti 2010: Nr 18 i Holmenkollen 2011: Nr 4 i ski-VM i Oslo 2011/12: Vinnar på Lillehammer 2012/13: Nr 2 på Lillehammer
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2002: Nr 5 i Høydalsmo Ski-NM 2003: Nr 8 i Molde Ski-NM 2004: Nr 4 i kombinertsprint på Bardufoss Ski-NM 2005: Gullmedalje og bronsemedalje (sprint) på Lillehammer Ski-NM 2006: Bronsemedalje på Kongsberg Ski-NM 2007: Sølvmedalje i Bardu Ski-NM 2008: Sølvmedalje (sprint) og bronsemedalje i Trondheim Ski-NM 2009: Nr 5 i fellesstart på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 5 i Stokke Ski-NM 2011: Sølvmedalje på Steinkjer Ski-NM 2013: Gullmedalje på Vang
Bakgrunnsstoff Håvard Klemetsen i fis-ski.com Håvard Klemetsen i olympedia.org
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Folk frå Kautokeino Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Olympiske meistrar for Noreg