Det Kongelige Teater er det danske nasjonalteateret. Teateret ligg på Kongens Nytorv i København og vart fyrst skipa i 1748 med namnet Den danske Skueplads. Orkesteret Det Kongelige Kapel vart underlagt teateret om lag år 1770. Den Kongelige Ballet, formelt skipa i 1771, er også knytt til teateret.

Ein ny teaterbygning stod klar i 1874, og vart bygd tett inntil den gamle. Teateret rommar fleire scener og bygg og syner både skodespel, opera og ballett.

Det Kongelige Teater er freda. Fredningssag:Det Kongelige Teater frå Kulturstyrelsen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Skipingar i 1748 kategori:Dansk kultur kategori:Teater i Danmark kategori:Byggverk i København Kategori:Freda bygg i Danmark