mini|Halldór Laxness på eit måleri frå 1984.
Halldór Kiljan Laxness (), opphavleg Halldór Guðjónsson, var ein islandsk forfattar og vinnar av Nobelprisen i litteratur 1955.
Innverknad på islandsk litteratur Halldór Kiljan Laxness har i svært stor grad dominert den islandske 1900-talslitteraturen; han stod sjølv for mange litterære utviklingssteg, men sjølv dei straumdraga som vart skapte i direkte opposisjon mot Laxness har betydd mykje for den moderne islandske litteraturen.
Nobelprisen i litteratur 1955 Svenska akademien si grunngjeving for å gje Nobelprisen i litteratur til Halldór Kiljan Laxness var følgjande: ..for his vivid epic power which has renewed the great narrative art of Iceland.. som fritt omsett lyder ..for hans livlege episke kraft som har oppattnya Islands storslegne forteljarkunst..»
Grunngjevinga vitnar elles om omverda sitt syn på moderne islandsk litteratur, der ein såg på den som gjennomgåande sterkt påverka av dei gamle, tradisjonsrike islandske ættesogene, ein påstand som ikkje er ugrunna, men som knapt famnar om heile det moderne, islandske, litterære feltet – heller ikkje heile produksjonen til Halldór Kiljan Laxness.
Biografi Halldór Guðjónsson vart fødd i Reykjavík, men flytta i 1905 med foreldra sine, Sigríðar Halldórsdóttir og Guðjóns Helga Helgason til den staden som seinare skulle gje han forfattarnamnet hans: Garden Laxness i Mosfellssveit. Han var glad i å lesa bøker og skriva forteljingar, og kring 14 år gammal fekk han den første teksten sin på prent i dagsavisa Morgunblaðið, under signaturen «H.G.». Dette var byrjinga på ein produktiv forfattarskap som til slutt skulle omfatta 51 bøker, den første utgjeven i 1919.
Som ung reiste Halldór Laxness mykje i Europa, og midt på 1920-talet vart han omvend til katolisismen, noko som sterkt skin gjennom i forfattarskapen hans gjennom sjølvbiografiske og reflekterande verk i den følgjande perioden. Han tok dessutan mellomnamnet «Kiljan» etter den irlandske helgenen Kilian. Halldór Laxness religiøsitet vart likevel ikkje særskilt langliva, på ein tur til Amerika vart han istaden overtydd sosialist, og emnevala i romanane hans følgde etter.
Halldór Kiljan Laxness var gift og hadde fire born. Frå og med 1945 budde han i Gljúfrasteini i Mosfellssveit.
Sitat Halldór Kiljan Laxness: «Eg tenkjer på dei vedunderlege menneska frå djupet av folket som fostra meg opp. Eg tenkjer på far min og på mor mi. Og eg tenkjer særskilt på den gamle mormora mi, som lærde meg mange hundre vers av islandsk poesi før eg lærde meg alfabetet. [...]Eg spurde meg sjølv den kvelden på hotellrommet mitt i Skåne: Kva kan framgang og berømmelse gje ein diktar? Ei viss materiell lukke, det er klart, som ei følgje av å ha pengar. Men om ein islandsk skald gløymer opphavet sitt frå djupet av folket, der sogene bur; om han misser tilknytinga til og pliktkjensla mot det tilbaketrekte livet, som det den gamle mormora mi lærde meg å verdsetja - då er berømmelse og velstand heilt likesælt.» (Or den talen som forfattaren heldt ved nobelfesten 1955)
Verkliste Romanar 1919 - Barn náttúrunnar 1924 - Undir Helgahnúk 1927 - Vefarinn mikli frá Kasmír (Den store vevaren frå Kashmir) 1931-32 - Salka Valka 1934-35 - Sjálfstætt fólk (Frie menn) 1937-40 - Heimsljós (Verdens lys) 1943-46 - Íslandsklukkan (Islands klokke) 1948 - Atómstöðin (Land til salgs) 1952 - Gerpla (Kjempeliv i nord) 1957 - Brekkukotsannáll (Brekkukotkrønike) 1960 - Paradísarheimt (Det gjenfunne paradiset) 1968 - Kristnihald undir Jökli (Sjelesorg ved Jøkelen, Kristenrøkt under jøkulen) 1970 - Innansveitarkronika (Bygdekrønike) 1972 - Guðsgjafaþula (Guds gode gaver)
Noveller 1923 - Nokkrar sögur 1933 - Fótatak manna (novellene blei seinare utgitt i Þættir) 1935 - Þórður gamli halti (novellene blei seinare utgitt i Þættir) 1942 - Sjö töframenn (novellene blei seinare utgitt i Þættir) 1954 - Þættir (gjenutgiving av tidlegare noveller) 1964 - Sjöstafakverið
Teaterstykke 1934 - Straumrof 1950 - Snæfríður Íslandssól (basert på Íslandsklukkan) 1954 - Silfurtúnglið 1961 - Strompleikurinn 1962 - Prjónastofan Sólin 1966 - Dúfnaveislan 1970 - Úa (basert på Kristnihald undir Jökli) 1972 - Norðanstúlkan (basert på Atómstöðin)
Dikt 1930 - Kvæðakver
Større og mindre artiklar 1925 - Kaþólsk viðhorf 1929 - Alþýðubókin (Folkets bok) 1937 - Dagleið á fjöllum 1942 - Vettvángur dagsins 1946 - Sjálfsagðir hlutir 1950 - Reisubókarkorn 1955 - Dagur í senn 1959 - Gjörníngabók 1963 - Skáldatími 1965 - Upphaf mannúðarstefnu 1967 - Íslendíngaspjall 1969 - Vínlandspúnktar 1971 - Yfirskygðir staðir 1974 - Þjóðhátíðarrolla 1977 - Seiseijú, mikil ósköp 1981 - Við heygarðshornið 1984 - Og árin líða 1986 - Af menníngarástandi
Reisebrev 1933 - Í Austurvegi 1938 - Gerska æfintýrið
Minningasögur 1952 - Heiman eg fór 1975 - Í túninu heima 1976 - Úngur eg var 1978 - Sjömeistarasagan 1980 - Grikklandsárið 1987 - Dagar hjá múnkum
Kjelder
Kategori:Islandske forfattarar Kategori:Islandske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur