mini|Hefnerlampe eller på tysk Hefnerkerze. Hefnerlampe er ein lampe der isoamylacetat frå ein bomullsveike i eit 8 mm tjukt nysølvrøyr brenn med ein 40 mm høg flamme. Lysstyrken frå ein slik lampe i horisontal retning blir kalla eit hefnerlys og vart tidlegare brukt som eining for lysstyrke. Lampa vart konstruert av den tyske teknikaren Friedrich von Hefner-Alteneck (1845–1904).
Kjelder hefnerlampe. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hefnerlampe
Kategori:Fotometri Kategori:Lampar