Framnesfjella er ei fjellkjede i Antarktis som består av Casey Range, Masson Range, David Range og Mekammen (Brown Range) og nærliggande fjell og toppar. Dei tre store fjellkjedene og mindre fjell i området vart oppdaga og namngjeve i februar 1931 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition under Douglas Mawson. Kysten vart òg observert av norske kvalfangarar same året. Heile området vart kartlagd i detalj av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i januar 1937. Namnet på fjellområdet vart gjeve av Lars Christensen etter Framnesfjellet, ein ås nær Sandefjord i Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff A crystallographic study av perennially frozen ice surface of Patterned Lake, Framnesfjella, Aust-Antarktis By J.L.E. Chambers,E.J.L. Wilson
Kategori:Fjellkjeder i Mac. Robertson Land