Mikal Kirkholt () var ein norsk langrennsløpar som i 1952 deltok i dei olympiske vinterleikane i Oslo og vann ein sølvmedalje i 4x10 km stafett. Kirkholt, som var medlem av Sportsklubben Troll i Rindal, vann to sølvmedaljar under ski-NM 1951.

Aktiv Kirkholt vann to sølvmedaljar under noregsmeisterskapen på ski i Narvik i 1951. På 18 km kom han i mål på tida 1.03.15, dermed måtte han sjå seg slått av noregsmeisteren Hallgeir Brenden med elleve sekundar. Også på 30 km vart Kirkholt andremann, vel halvminuttet bakom Martin Stokken, men over to minuttar føre bronsevinnaren, klubbkameraten Edvin Landsem frå Troll.

I 1952 kom Kirkholt på femteplass på 30 km og sjuandeplass på 18 km i NM-løypene i Porsgrunn. Han fekk plass i OL-troppen og vart nummer tolv på 18-kilometeren. Dermed fekk han plass på det norske stafettlaget på 4x10 km. Han gjekk andre etappen for Noreg som kom i mål til ein olympisk sølvmedalje, Finlands fire utvalde vann ein suveren siger. Dei andre på Noregs lag var Magnar Estenstad, Martin Stokken og Hallgeir Brenden.

Kjelder og bakgrunnsstoff P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Folk frå Rindal